Sjømilitære Samfund

- For Sjøforsvarets tarv og utvikling

Ei kraftig oppvakning er ikkje det same som å vere budd!

Gode kadettar, offiserar, embetsfolk, folkevalde, næringslivsleiarar, mine damer og herrar. Velkomen til 1884. Ikkje som historisk kuriositet. Ikkje som ein lærd liten effekt for å pynte ei opning. Men som strategisk røyndom. For det er inn i ei verd av denne typen me no glir, ikkje med eitt dramatisk brak, men med den stygge, seige lyden av noko som har rotna lenge og som endeleg gjev etter. Ei verd der makt igjen talar med open røyst. Ei verd der stormakter ikkje lenger skjemmest over å handle som stormakter. Ei verd der småstatar må tåle det som kjem.

strommen-bilde-1.jpg
Tor Ivar Strømmens åpningsinnlegg under Bergen Sikkerhetskonferanse i Grieghallen 14. april 2026. Konferansen blei arrangert av Sjøkadettforeningen Valkyrien av 1898, YATA Bergen og Bedriftskomiteen til studentutvalget ved samfunnsvitenskapelig fakultet, UiB. Foto: Forsvaret.

Den regelbaserte verdsordenen er ikkje heilt borte på papiret. Godt papir brenn langsamt. Men den vernar ikkje lenger slik mange av oss vart vane med å tru. USA har sidan 1945, med alle sine feil, alle sine overtramp og all si sjølvrettferd, likevel vore den fremste drivkrafta bak eit institusjonelt internasjonalt samvirke. No har det same landet meldt seg ut av Verdshelseorganisasjonen, trekt seg frå Parisavtalen og sett i gang uttrekking frå ei lang rad internasjonale ordningar, sam­stundes som tonen mot allierte er vorten råare, meir transaksjonell og mindre bunden av plikt enn av innfall. Dette er ikkje eit lite stemningsskifte. Det er ein strategisk jordskjelv. 

Russland søkjer ikkje berre tryggleik og landnåm. Russland søkjer stilling. Det søkjer den gamle plassen ved enden av det tryggingspolitiske langbordet. Den plassen der andre må sjå bort og ta omsyn. Den plassen der ein interesserer seg for nabostatars grenser berre i den grad grensene kan flyttast, pressast eller tolkast som mellombelse. Dette er ikkje nytt. Det nye er at så mange lét som om dei ikkje såg det før stridsvogna stod i døropninga. Russland fører ikkje berre krig mot Ukraina. Russland vil endra Europa til eit Europa kor dei igjen har det siste ordet. 

Og i aust veks Kina fram med ein historisk fart som burde få sjølv dei mest sjølvgode til å dempe røysta. Kina er attende som økonomisk tyngdepunkt i verda. Det er på veg mot teknologisk førarstilling på felt som vil avgjere framtidig makt, frå industriell ­produksjon til kunstig intelligens, romverksemd, kommunikasjon og våpensystem. På sjøen er biletet alt klårt. Kina har no den numerisk største marinen i verda, med over 370 større krigsskip og ubåtar, og held fram med å byggje moderne fleirrollefartøy og ubåtar i eit tempo ingen vestleg industri i nærleiken kan matche. Dei byggjer ikkje for parade. Dei byggjer for posisjon, for avskrekking, for tvang og om naudsynt for krig. 

Dette tyder noko meir enn at verda er vorten litt mindre hyggeleg. Det tyder at det økonomiske og strategiske tyngdepunktet ikkje lenger ligg trygt på vår side av kloden. Europa og Nord-Amerika er ikkje lenger den sjølvsagde aksen alt anna skal rotere kring. For mange utanfor vår eigen krets er dessutan ikkje den europeiske verdsorden eit minne om fridom, men eit minne om hykleri, marknadsmakt, tvang og førestellinga om at alle samfunn måtte verte kopiar av oss for å vere legitime. Den innsikta kan vere ubehageleg. Men ubehag er ein låg pris for røyndomssans. Alternativet er sjølvbedrag, og sjølvbedrag er framleis den mest kostnadseffektive måten å tape på. 

Så lat oss kome til Europa. Vårt eige kontinent. Vår eigen komfortable røyndom. Europa har gjennom generasjonar bytt bort strategisk autonomi mot amerikansk avskrekking, amerikansk logistikk, amerikansk teknologi og ei meir behageleg rekning. Me kalla det samarbeid. Og det var det òg. Men det var ikkje berre samarbeid. Det var avhengnad. Etter 1956 vart den europeiske viljen til å bere dei fulle kostnadene av eigen tryggleik gradvis tynnare. Me vart dyktige til å formulere verdiar og dårlegare til å sikre dei. Me vart flinke til møte, prosessar, format og erklæringar. Men historia er stundom så uhøfleg at ho ikkje let seg stanse av gode møteformat. Ho kjem når ho vil. Gjerne medan nokon framleis finpussar ordlyden i punkt tre. 

Ja, dei europeiske allierte og Canada auka forsvarsutgiftene sine kraftig i 2025. NATO opplyser om ein vekst på kring 20 prosent frå året før. EU talar no med langt større alvor om opprusting, produksjonsliner og raskare leveransar. Midlar vert sette av til missilar, luftvern, dronar og industrikapasitet. Det er betre enn sløvskap. Men lat oss ikkje misforstå. Ei kraftig oppvakning er ikkje det same som å vere budd. Det er berre eit prov på kor lenge ein har sove. 

Og midt i dette står Noreg. Eit rikt land. Eit velordna land. Eit land med hav, energiresursar, strategisk plassering, ein lang kyst, ein stor handelsflåte, ein nærleik til russisk kjernefysisk infrastruktur som gjer at ingen seriøs stormakt kan oversjå oss, og samstundes eit land som altfor ofte talar om tryggleik som om det var eit vedlegg til velstanden, ikkje sjølve føresetnaden for han. Dette er kjernen i vår tids vanetenking. Me har teke normaliteten for naturgjeven. Me har innreidd oss som om freden var eit klima, ikkje eit historisk særhøve. Me har behandla krig som noko som bryt ut ein annan stad, på ein annan skjerm, på eit anna språk, og som vert handtert av fagfolk så lenge resten av samfunnet slepp å kjenne vekta av det. Det er ein luksus. Luksus kan vere behageleg. Den er sjeldan robust. 

Difor må me seie det heilt klårt. Me må tenkje at krigen kan kome i 2029. I verste fall før. I ei slik verd er det ikkje særleg trøyst i ein fregatt som kjem i 2030, ein ubåt i 2030 eller eit luftvernsystem som kanskje verkar i 2040. Det som avgjer dei næraste åra er beredskap, uthald, lager, personell, øving, integrasjon, vedlikehald, samband, luftvern, ammunisjon og faktisk evne til å stri med det me alt har. Fienden, om de tillet ei tørr påminning, plar sjeldan leggje åtaket sitt til rette etter vår langtidsplan. 

Den norske langtidsplanen for forsvarssektoren går til 2036, og regjeringa har no lagt opp til å strekkje planhorisonten til 2040 med meir pengar inn i systemet. Det kan vere naudsynt. Men det løyser ikkje det mest presserande problemet. Ein plan med lange liner er ikkje det same som kampkraft i morgon tidleg. Kartet over framtidige investeringar stoggar ikkje eit missil eller ein invasjon. Det gjer berre eit fungerande system, ein trena struktur og eit fullt lager. 

Dette burde ikkje vere vanskeleg å forstå. Me har alt ein norsk læremeister i dette. Han talar frå vår eiga fortid. Frå åra mellom 1936 og 9. april 1940. 

Då auka me løyvingane langt meir enn no. Då vedtok me tiltak. Då bestilte me materiell. Då såg det i dokumenta gradvis betre ut. Men me fekk ikkje det me hadde på krigsfot. Me trente ikkje godt nok. Me oppdaterte ikkje det eksisterande godt nok. Me bemanna ikkje godt nok. Me bygde ikkje den mentale hardleiken som krevst når fredssamfunnet med eitt vert brote opp av fiendtleg handling. Nye fartøy låg på beddingen. Nye fly var bestilte. Nokre var jamvel komne til landet. Men krigen kom ikkje i det året me hadde rekna med. Han kom før. Og når han kom, stod mykje av det me hadde att med alle dei klassiske veikskapane som pyntar nederlag før nederlaget sjølv rekk å melde seg. Gamalt. Utrena. Underbemanna. Utdatert. Mentalt uferdig. 

Dette er ikkje eit museumstykke, ein anakronisme. Det er ei åtvaring. 

Når me i dag prioriterer å teikne den perfekte strukturen for 2036, medan drifta er trong, øvingane for få og for enkle, ammunisjonslagra er for grunne og oppdateringa av det eksisterande går i byråkratisk sirup, då handlar me i same grunnrytme. Me rustar oss for ein framtid som kanskje kjem, medan me lèt den nære faren møte eit apparat som framleis øver på å verte klart framfor å vere klar. Det er ikkje strategisk klokskap. Det er russisk rulett. 

Og så kjem det vanlege sjølvbedraget, dette alltid like rørande fenomenet der menneske med kontor, tilgang til brifar og sjølvtrygg røyst byrjar å seie at me ikkje kan verte overraska, for me har så god etterretning. Det er ei trøyst som burde verte forboden av hygieniske grunnar. Pearl Harbor vart ikkje stogga av informasjon. Port Arthur heller ikkje. Yom Kippur heller ikkje. Falklandskrigen byrja ikkje med at alle partar stod ferdig oppstilte i god tid. Overrasking er ikkje eit bevis på mangel på data. Det er ofte eit bevis på mangel på fantasi, mangel på vilje til å tru det ubehagelege og mangel på evne til å omsetje indikasjonar til handling. Mennesket er eit merkeleg dyr. Det kan sjå rett på faren og likevel velje å sjå kalenderen. 

Men lat oss gå endå djupare. For forsvaret av landet er meir enn Forsvaret. Kva med totalforsvaret. Kva med samfunnet som skal tole slag, halde fram å fungere og gjere livet så dyrt for ein aggressor at sjølve freistinga vert mindre. Kva med kraftforsyning, hamner, vegar, jernbane, satellittavhengnad, drivstoff, reservekomponentar, digitale nett, medisinsk beredskap, forsyningsliner, sivilforsvar, kommunal kriseleiing, vern av undersjøisk infrastruktur, vern av petroleumsinstallasjonar, vern av handelsflåte, vern av befolkninga si tillit til at staten faktisk verkar når trykket kjem. Dette er ikkje sidesaker. Dette er sjølve samfunnet si kampkraft. 

Og er svaret at me har dette på plass. Nei. Det enkle svaret er nei. 

Eit samfunn som berre fungerer i fred, fungerer ikkje. Eit samfunn som krev perfekt straumforsyning, perfekte digitale samband, presis logistikk og internasjonal friksjonsfri handel for å halde hjartet i gang, det er ikkje moderne. Det er sårbart. Ein angripar treng ikkje leggje landet øyde om han kan leggje rytmen vår øyde. Han treng ikkje marsjere inn over kvar høgd om han kan lamme straum, transport, informasjon, avgjersleevne og psykologisk motstandskraft. Krig er ikkje lenger berre noko som kjem med støvlar. Den kjem med kode, press, sabotasje, dronar, desinformasjon, økonomisk tvang og nøye valde slag mot dei nervane som bind staten saman. 

Difor er det ikkje nok å tale om kompetanse. Det me treng no, er karakter. Me treng ryggrad. Kompetanse utan karakter vert fort ein elegant måte å forklare kvifor ein ikkje gjorde det ein visste måtte gjerast. Me treng menneske som toler ubehag, som toler ansvar, som toler å verte upopulære i det augeblikket der plikta krev det. For den verkelege prøva kjem sjeldan i auditorium. Ho kjem når noko må prioriterast, noko anna må vente, og nokon må bere skulda for å ha valt røyndom framfor komfort. 

Til kadettane vil eg seie dette. De går inn i ei teneste der det ikkje lenger er nok å vere velstelt, verbal og velmeinande. De må verte harde nok til å sjå røyndomen utan å blunke, og klåre nok til å handle før alle er samde. Offisersgjerninga er ikkje fyrst og fremst eit spørsmål om stil, sjølv om stil ikkje skadar. Den er eit spørsmål om ansvar under trykk. Om å skape orden når andre famlar. Om å halde fast i oppdraget når støyen tiltek. Om å skjøne at disiplin ikkje er pynt på uniforma, men den forma fridomen tek når alt anna byrjar rakne. 

Til embetsverket vil eg seie at prosess ikkje er resultat. Eit saksframlegg vinn ikkje tid tilbake når tida fyrst er tapt. Til næringslivet vil eg seie at tryggleik ikkje er noko staten leverer ferdig til verksemda deira, som om det var ein straumkontrakt. De er sjølve ein del av staten si uthaldsevne. De eig lager, maskiner, nettverk, transport, kompetanse, kapital og infrastruktur som i ei krise vert langt meir enn marknadsverdi. Til dei folkevalde vil eg seie at historia ikkje kjem til å dømme dykk etter kor mange gode intensjonar de hadde, men etter kva de fekk gjort medan det enno fanst handlingsrom. 

Og til oss alle vil eg seie dette. Alle kan gjere noko. Ikkje alt. Men noko. Nokon skal verte best moglege offiserar. Nokon skal ruste eigen arbeidsplass mot det uventa og det vondskapsfulle. Nokon skal styrkje beredskap i kommune, hamner, sjukehus, verksemder, kraftselskap og forsyningsliner. Alle kan vere blodgjevarar. Alle kan ha mat, vatn, varme, medisinar og naudsynt utstyr heime. Alle kan stille krav til dei som styrer. Alle kan slutte å oppføre seg som om ansvaret alltid ligg eit nivå høgare oppe i systemet. Eit samfunn som ventar på at nokon andre skal byrje, har alt byrja å tape. 

Så kjem den siste, harde sanninga. Mange trur at førebuing til krig handlar om å vere viljug til å ofre eige blod for fedrelandet. Ja, det kan verte naudsynt. Men det er ikkje det fremste målet. Det fremste målet for oss som er sette til å verne landet, er å skape ein situasjon der fienden veit at det er hans blod som vil renne, hans styrkar som vil breste, hans plan som vil gå i knas om han prøver seg. Avskrekking er ikkje eit fromt ønskje. Det er den kalde kunsten å overtyde motparten om at kostnaden vert utolande. Fred vert ikkje bevart av gode kjensler. Han vert bevart av truverdig motstandskraft. 

Gjer me dette rett, raskt og utan sjølvbedrag, kan me framleis halde krigen borte. Gjer me det ikkje, kjem prisen ikkje fyrst og fremst til å verte betalt av dei som sat tryggast medan avgjerdene vart utsette. Han vert betalt av dei unge som må stri i mangel på det dei trong, av familiar som må bere tap dei ikkje valde, av eit samfunn som må gje frå seg rettar, tryggleik og framtid fordi nokon med ansvar trudde det fanst meir tid. Det finst få ting i historia som er meir grusame enn seint vakne ansvarlege. Dei som søv på vakt, røyster sjeldan sjølve over kven som skal betale for søvnen. 

Difor er bodskapen min enkel, og han er ikkje høfleg i vanleg tyding. Lær i dag. Reflekter i dag. Forstå i dag. Men i morgon må de handle. I morgon må de stramme til det som er slakt. Fylle det som er tomt. Trene det som er utrent. Forenkle det som er for tregt. Prioritere det som verkar. Kaste frå dykk illusjonane som har gjort oss mjuke i hovudet og seine i hendene. 

For alvor er ikkje ein stemning. Alvor er å rette ryggen medan det enno finst tid. Alvor er å sjå at historia igjen har stige inn i rommet, ikkje som gjest, men som dommar. Alvor er å skjøne at det som no vert kravd av oss, er meir enn fagkunnskap, meir enn administrasjon, meir enn velvilje. Det krev vilje. Det krev disiplin. Det krev karakter. 

Og karakter, mine damer og herrar, vert ikkje utvikla i ettertid. Den vert vist no. 

Orlogskaptein Tor Ivar Strømmen tenestegjer ved Sjøkrigsskolen/Forsvarets høgskole som hovudlærar i sjømakt og maritime operasjonar. Strømmen held for tida på med ei doktorgradsavhandling i sjømaktsteori for småstatar. Strømmen har 17 år operativ teneste i Sjøforsvaret og NATO. Han har mellom anna vore operasjonsromstyrar på MTB og fregatt. Han har også teneste som stabsoffiser i NATO si ståande maritime styrke (SNMG1) og har tre år som operasjonsoffiser for Sjøforsvaret (N3). Sidan 2014 har Strømmen vore ved Sjøkrigsskolen. Strømmen har ved sidan av si militære utdanning også mastergrad i sjøkrigshistorie og har vore involvert i ei rekkje forskingsprosjekt, nasjonalt og internasjonalt, relatert til sjømakt og strategi. Strømmen er ein mykje brukt ekspert­kommentator i media og har ei omfattande forskingsformidling bak seg. 

Relevante artikler

strommen-bilde-1.jpg

Ei kraftig oppvakning er ikkje det same som å vere budd!

Gode kadettar, offiserar, embetsfolk, folkevalde, næringslivsleiarar, mine damer og herrar. Velkomen til 1884. Ikkje som historisk kuriositet. Ikkje som ein lærd liten effekt for å pynte ei opning. Men som strategisk røyndom. For det er inn i ei verd av denne typen me no glir, ikkje med eitt dramatisk brak, men med den stygge, seige lyden av noko som har rotna lenge og som endeleg gjev etter. Ei verd der makt igjen talar med open røyst. Ei verd der stormakter ikkje lenger skjemmest over å handle som stormakter. Ei verd der småstatar må tåle det som kjem.

Oppdag mer
grimeland-figur-1.jpg

Standardiserte fartøy til Sjøforsvaret

Strategisk videreutvikling og reetableringen av en stående flåte Av kommandørkaptein Torbjørn Grimeland Russlands annektering av Krim og påfølg­ende invasjon av Ukraina i 2022 har resultert i en historisk satsing på Forsvaret. Sikkerhetssituasjonen i verden har ytterlige forverret seg ved en tydelig unilateral utenrikspolitikk fra den amerikanske administrasjonen og et økende antall konflikter verden rundt. Den regelbaserte verdensorden vi er blitt vant til, er under press fra flere sider, også internt i vesten. Norges rikdom kommer i stor grad fra maritim næring og havet, våre rettigheter baseres på de internasjonale reglene som nå utfordres. Det er derfor viktig at Norge har et sterkt Forsvar, og spesielt et Sjøforsvar som evner å hevde vår suverenitet og verne om våre verdier fra havområdene som er syv ganger større enn Fastlands-Norge. Våre verdier i havet er ikke bare viktig for Norge, men også Europa. Flere av vår viktigste allierte i Europa er avhengig av energiforsyninger fra Norge.

Oppdag mer
eikanger-bilde-1b.jpg

Avduking av byste og takk til Admiral Egil Jørgen Eikanger

Av Bjørn Terjesen. Bysten av kontreadmiral Egil Jørgen Eikanger ble «avslørt» ved Kommandantboligen i Gravdal 28. mai. Den er plassert ved siden av portnerboligen med messen til fregatten KNM Bergen, der Eikanger tidligere var sjef. På plaketten på bysten står hans motto: «Vi må aldri glemme de som kjempet for et fritt Norge. Friheten har en pris, den må vi være villig å betale».

Oppdag mer